Sponsor Me

Raised so far

$

My goal

$ 543

Please review our Terms and Conditions and Privacy Policy for information on how we collect and use data.

My Blog


Takk for i år - men det som skjer i mellom er viktigast

Thursday 23rd May 2024

Årets Distinguished Gentlemans Ride blei ein suksess, i strålande vær i Bergen. Eg trur det var fleire deltakarar enn i fjor og innsamlinga for Bergen sin del var ein godt nøgd med. 

Det viktigaste er likevel det som skjer mellom DGR kvart år. Tenk om 610 menneskjer, kor 2/3 var menn, døydde av ein bestemt virussjukdom i fjor? Eller om dei 610, kor av mange under 30 år, hadde omkome ved å kræsje i superbilar i 150 - 200 km/t? Då hadde det blitt sett i gang omfattande tiltak mot denne særskilte dødsårsaken ganske kjapt. Kampanjer, politiske debattar, foreldremøter på skular, tiltaksplanar i helsevesen, politi og vegvesenet og så vidare. 

No har det blitt gjort mykje bra dei siste åra med tanke på å førebyggje sjølvmord. Likevel er den dystre statistikken for høg, særleg for unge menn.

At interesse for kjøretøy, anten det er motorsport, gatekjøretøy, bil eller MC - er inkluderande og skapar sosialt samhald, er utvilsomt. Som antropolog kan eg både fagleg og personleg skrive under på det. Slike miljø oppfyller jo mange mål i digre bunker av gode planar som finnst for ungdom, inkludering, kultur, fritid osv osv. At det er mange menn og gutar som møtast for å dele slike interesser er eit faktum. Difor er det gode moglegheiter for å inkludere desse i både det førebyggjande arbeid for menns helse generelt .- mentalt som fysisk. Men svært ofte (alltid?) fell motorbaserte interessa utanfor offentleg merksemd. 

Når det gjeld støtteordnignar til dømes, er svært mykje kanalisert inn mot idrett og friluft. Inkluderer ein drift og bygg av anlegg og baner kjem idrett svært godt samanlikna med andre. Motorsport fell likevel utanfor desse andre bolkane. Til og med E-sport har eigne støtteordningar til dømes frå fylket. 

Eg håpar at også MC (og bil) som fritidsinteresse kan bli sett på som viktige arenaer både som kultur men og som ein areana for å skape tryggleik, inkludering og dermed god helse, fysisk som mentalt

Innsamling - #MentalHealthAwerness

Friday 3rd May 2024

Mai er månaden med mange gode markeringar og innsamlingar til ei rekkje føremål. 

DGR er for meg blitt fast i kalenderen. Mykje av årsaken til det er den stadig større merksamda i samfunnet kring mental helse. 

Eg høyrde ei radioprogram kor eit panel blei spurd om menn fekk for mykje merksemd. "Ja," hadde eg svara, "men ofte på heilt feil tema". Menn elskar eigentleg å snakke om seg sjølv (forskingsbasert påstand) når det gjeld eigne synspunkt, historiar, bragder og slikt. Men det ein ofte ikkje snakkar om - og som menn får for lite merksemd på - er sjukdom, fysisk som mental. At menn går for sjeldant til lege er eit velkjent faktum. 

Sjukdom er sjukdom, heitte det i ein engelske #MentalAwerness-kampanje. Eg håpar difor mange ønskjer å gje eit lite bidrag til innsamlinga her og til ei svært god global sak! Og sjølvsagt, vere med å kjøre sjølv eller møte opp på DGR i Bergen den 19. mai. 

I'm Riding for Men's Health in The Distinguished Gentleman's Ride

Monday 1st Apr 2024 On Sunday the 19th of May 2024, I'm riding in The Distinguished Gentleman's Ride with fellow men and women across the globe to raise funds and awareness for prostate cancer and men's mental health on behalf of Movember. Men die on average 6 years earlier than women and for largely preventable reasons. The number of men that are suffering is growing, and we need to do something about that. So, before I press my tweed and polish my boots, I'm asking you to join me in raising funds and awareness for these causes by donating what you can for this meaningful cause and to help the men we love, live happier and healthier lives.

My Sponsors


Anonymous

Så kult konsept!

$66 USD

Knutn

Har personleg kjennskap til dette. Fantastisk engasjement.

$53 USD

Anonymous

Awesome

$33 USD

Alf Helge Greaker

$13 USD